Tideland (2005)

IMDb: 7.0/10 (1,056 votes)

TidelandTerry Gilliam eller ei, denne filmen fall ikkje så godt i smak her. Den er langt betre enn «The Brothers Grimm» på mange område, ein av dei er 12 år gamle Jodelle Ferland> som Jeliza-Rose, dotter av to narkotullingar. Men den blir for brutal på andre område.

Oppveksta til Jeliza-Rose er påverka sterkt av narkotikabruket til foreldra, og ho har utvikla ein veldig sterkt fantasi som ho lever seg inn i til dagleg. I denne fantasien kan ekorn snakke, det finst hekser og monster. Sånn som i yndlingsboka hennar, «Alice in Wonderland». Jeliza-Rose er ein overspelt karakter, og ikkje berre i filmen, men i historia og. Problemet hennar er at ingen er der for å skilje eventyr og realitet for ho.

Når eg skriv at filmen blir for brutal tenker eg først og fremst på scenene med Noah (Jeff Bridges), far til Jeliza-Rose i filmen. Når han set si siste sprøyte, og reiser på ferie for godt, fortreng Jeliza-Rose det faktumet at han er død og let han sitje i stolen sin og rotne, og snakkar til han som om han framleis skulle vere der. Dette blir vel sterkt etterkvart, noko som kanskje har med å gjere at eg ser litt på Jeliza-Rose som ein av ungane i «Nobody Knows» som har blitt forlate av mora si og sakte, men sikkert, forfell. Ein veldig nær film.

At «Tideland» er ein godt laga film vil eg ikkje legge i ei skuff, men temaet blei for sprøtt for meg. Og fleire gonger følte eg meg fråstøytt frå filmen. Den balanserar på kanten og blir alt i alt ein grei film!

6/10
Publisert 20. oktober 2006 kl. 10:51 i Alle, Drama, Fantasy merka som , .

Skriv ein kommentar