Tomorrow Never Dies (1997)

IMDb: 6.4/10 (18,820 votes)

Tomorrow Never Dies James BondInga overrasking, dette var heller ikkje den beste James Bond-filmen der ute. Viss du vil ha middels spenningsfilm, tallause eksplosjonar iblanda reklamefilm, så er dette filmen! Mangelen på stil trekk ned, humoren er heilt grei, men kunne ha vore betre med tanke på alle vitseforfattarane der ute.

Produksjonen må det også trekkast ned på, mange feil, som blant anna tydelege spor av at eksplosjonar kjem ut frå objektet det blir krasja i, les: steinvegg eksploderar før bilen!

Døll, men akseptabel underholding, Brosnan reddar nok litt av filmen, men eg saknar likevel gode dialogar til å underbygge handlinga her. Når tilogmed eg kan hugse det meste som blir sagt, så er det eit teikn på det dårlege.

6/10
Publisert 13. mars 2005 kl. 23:20 i Action, Adventure, Alle, Thriller merka som , , .

Skriv ein kommentar