Tordenbloggen 2007

SÃ¥ var Filmdagbok ute av konkurranse etter grei skuring for Frk. Makeløs i tredje runde, med respektive 45-111 til bortelaget. Eg er i heile tatt stolt over Ã¥ ha fÃ¥tt sÃ¥ mykje som 45 poeng, utan Ã¥ ty til jungeltelegrafprotokollen MSN i denne omgangen, iallfall ikkje sÃ¥ mykje som i forrige omgang — ja, eg innrømmer det no. Kva plass eg hamna pÃ¥ til slutt veit eg ikkje, dÃ¥ eg er usikker pÃ¥ om Tordenbloggen si oppgitte liste, De hotteste hundre i 2007 er gjeldande som cupresultat, men i følge den lista stÃ¥r eg som nr. 15 hittil, sÃ¥ ein plass mellom 15 og 32 blir det nok. Kva kan eg sei, i fjor kom eg pÃ¥ 51. plass, som eg var veldig nøgd med. Men eg legg ikkje all verden i dette, eg likar Ã¥ pusle pÃ¥ med mitt eige her utan Ã¥ snuse særleg pÃ¥ kva litteratur- og politikkgjengen gjer. Takk for stemmene, forresten! Eg kjem tilbake med det ferdige resultatet seinare.

26. november skreiv eg følgande:

Andre runde er ferdig, Filmdagbok gjekk vidare, eg er glad for det og takkar igjen for støtten. Det betyr at Filmdagbok er blant dei 32 som skal ut i den firedelte tredje runde, fire grupper med fire kampar kvar. Hadde aldri andre håp enn om å nå andre runde og behalde plasseringa frå i fjor. Filmbloggane har ein tendens til å vere underdogs i slike samanhengar. Er skuffa over å sjå at favoritten min, Fred Ut og nokre andre av dei faste i RSS-feeden min har gått ut, kom sterkt igjen neste år!

11. november skreiv eg følgande:

Innleiiande runde er ferdig for min del, eg var med i gårsdagens omgong og gjekk vidare som nummer fire, altså den siste plassen av dei som blir med i neste omgong. Som nemnt tidlegare (les under) så blir det ingen stemmesanking her, men ei stor takk til dei som har stemt på meg hittil er på sin plass. Blei overraska over å sjå at det tilsynelatande er fleire enn to som les her. ;)

8. november skreiv eg følgande:

Som i fjor rundt desse tider er Tordenbloggen i gong igjen, faktisk har det pågått i nokre dagar og eit fåtall grupper har allereie gjennomgått første runde i bloggecupen. Filmdagbok har ikkje dukka opp endå, eg har heller ingen planar om å opplyse om når eg blir trukke ut for å sanke stemmer i år, men anbefalar alle med eit snev av interesse for bloggar å besøke tordenbloggen.sonitus.org fast for å følge med på alt som skjer der.

Publisert 29. november 2007 kl. 14:20 i Annonseringar merka som

4 kommentarar til Tordenbloggen 2007

  1. TMwtP

    Hey ness! Blant de siste 32 ??? I bow before ytou in awe. Knallbra.

  2. trondjo

    Jeg har faktisk ikke fulgt med på dette tidligere, og derfor ikke stemt på deg, men da blir det jo bare til at du kan regne med en ekstra stemme i neste runde!

  3. TMwtP

    Sjekket disse resultatene i går, tilfeldigvis, og gratulerer deg med en kjempeplassering. For meg har dette (konkurransen) naturlig nok vært fullstendig uten interesse i år. Kanskje får vi delta en annen gang, hvem vet.

  4. Asbjørn Ness

    31. plass er kjekt ja, opp 20 frå i fjor. Fallhøgda til ev. Tordenbloggen 2008 gir meg høgdeskrekk.

Skriv ein kommentar