Tjuetredje luke i julekalender 2011 er ein enkeltepisode frå TV-serien Lois & Clark: The New Adventures of Superman. 11. episode frå 4. sesong med tittelen Twas the Night Before Mxymas er ein lettversjon av Groundhog Day.

Ein skurk frå den femte dimensjonen kjem til Metropolis og vil ta over verda. Han får julaftan til å gjenta seg, og Supermann er den einaste som veit det. For kvar gong dagen startar på nytt mistar folk håp og glede meir og meir.
Som fan av Lois & Clark har eg sett episoden før, men det er nok nærare femtan år sidan. Likevel er dette den enkeltepisoden ut av alle seriar eg har sett som eg hugsar best. Til og med måten dei blei kvitt skurken på hugsa eg.
Twas the Night Before Mxymas passar godt inn i kalenderen sidan handlinga skjer på julaftan. Då det sentrale tema er håp blir det dobbel pott. Som brorparten av denne TV-serien fungerer episoden åleine. Men det er ein klar fordel om du kjenner karakterane frå før.
Eg kan vanskeleg rangere episoden på ein karakterskala. For meg er dette nostalgi, og det har sin eigen verdi. I julekalenderen i år har eg i størst grad oppsøkt usette filmar. Nostalgi og tradisjonar har difor fått liten plass. For mange er gjensyn med kjente filmar ein viktig del av tida rundt jul og nyttår. Sjølv om julekalenderen min ikkje speglar eit slikt bilde, er gjensyna noko eg sjølv set stor pris på. Men for meg har det størst verdi når det skjer på julaftan eller seinare, og helst på TV.
Refleksjonane fekk du i nest siste luke. I morgon er det julaftan, då kjem den siste julefilmen på Filmdagbok på ei stund.
