Twelve Monkeys (1995)

IMDb: 8.0/10 (101,241 votes)

12 MonkeysKan ikkje skjønne kvifor eg ikkje har sett denne før, må jo vere Terry Gilliams beste! Akkurat nok med twists og stadig møtande trådar til at eg hang med heile vegen, men ikkje såg på filmen som for enkel heller. At den har eit røfft image hjelp på, føler stadig fleire filmar blir for sterile og perfekte. Denne er godt laga teknisk, men ser ikkje ut til å la det bli hovudgreia.

Bruce Willis forsvinn godt inn i rolla som James Cole. MÃ¥ten han hÃ¥ndterar denne er ikkje mindre enn imponerande. BÃ¥de han og det kvinnelege motpunktet, spelt av Madeleine Stowe stÃ¥r aldri i ro i rollane sine. Korleis det heile vekslar mellom ein psykologisk og sci-fi thriller gjer at eg ikkje kjedar meg. Var litt skeptisk i starten pÃ¥ om dette skulle bli ein meir moderne «One Flew Over the Cuckoo’s Nest», ein film eg ikkje treng Ã¥ sjÃ¥ ei etterlikning av. Men det blir heldigvis noko heilt anna.

8/10
Publisert 9. september 2007 kl. 15:01 i Alle, Drama, Sci-Fi, Thriller merka som , , .

Skriv ein kommentar