7 episodar.
Det er alltid rart å starte på ein serie som ein har høyrt så mykje snakk om over fleire år, men aldri tatt seg tid eller brukt energi på å sjå sjølv. Twin Peaks har aldri vore meir for meg enn David Lynchs TV-serie, kultserien som blei kansellert eller favorittserien til veldig mange. Når eg i går stod på Platekompaniet og vurderte kva TV-serie eg skulle bruke 300kr på, så var det Twin Peaks som tok mesteparten av fokuset. Kvifor ikkje, tenkte eg, det er kanskje på tide.
Når ei populær jente er funne myrda i Twin Peaks, blir FBI spesialagent Dale Cooper (Kyle MacLachlan) sendt for å etterforske, men oppdagar fort at det er fleire rare ting som skjer i byen. Slik blir det kort og greitt oppsummert på TVRage, og å gå djupare inn på det vil vere å kaste vekk tid.
Pilotepisoden startar med ein lang versjon av opningssekvensen, og tek med sin drøymande musikk av Angelo Badalamenti ein rett med inn i noko ein anar ikkje vil bli ein heilt normal by. Det er ei mystisk stemning som heng over serien, men det er ikkje alltid like dystert. Når det ikkje er mord, blod og samansverjingar på gang kan serie vere lystig og morosam. Følelsane varierar frå tragedie til lykke, og det kan bli ei sterk blanding.
Serien er ei samanhengande historie, utan enkeltståande episodiske småhistoriar. Det er difor utruleg lett å bli hekta, og det går an når det berre er 7 episodar. Forhåpentlegvis ligg ikkje den andre sesongen så langt unna i tid som DVD-utgivelse heller, ettersom det er 2 år sidan den første kom ut.
