Twister (1996)

IMDb: 6.0/10 (58,563 votes)

DÃ¥ eg for kort tid sidan hadde eit gjensyn med ein gammal favoritt innanfor katastrofesjangeren, vulkanfilmen «Dante’s Peak» med Pierce Brosnan og Linda Hamilton, kom eg like etter innpÃ¥ «Twister» i ein samtale, og bestemte meg for endeleg Ã¥ sjÃ¥ den.

Då «Twister» kom i 1996 kan det godt hende den var imponerande. Massive tornadoar gjort realisert for lerretet med den ypparste animasjonsteknologien tilgjengeleg, det er ikkje effektane det står på den dag i dag heller. Ikkje storleiken på tornadoane heller, deira øydeleggjande kraft går nærare innpå meg enn den fatale katastrofen (i) «2012».

Det som ikkje fungerer i «Twister», om det skulle vere tvil kor eg stod i forhold til filmen med eit innleiande tonefall som så, er forma på filmen. Det som kjenneteiknar så mange store filmar på 1990-talet, desse klisjeane, og karakterar så eindimensjonale at radioaktiv stråling får deg til å kjenne betre. Eg snakkar her om kombinasjonen av overdriving, graden av føreseie og karakterar som du ikkje likar av di dei manglar snev av fornuft i toppen. Det treng ikkje vere eit problem at filmar inneheld litt av dette, men i «Twister» er mangelen på spenning og irritasjonen frå karakterane diverre for mykje av det gode.

Grunnen til at eg tok det negative først er at eg rett og slett ikkje kan anbefale filmen, så om du blir prega av den innleiande kritikken har eg oppnådd det eg ville. Men eg skal likevel slenge på nokre positive ord på tampen, for å forsvare den middels karakteren.

«Twister» har dramatikk, den rettar søkelyset mot øydeleggingane naturen kan og stadig vil halde fram med å gjere. Tematisk er den interessant, og sjølv om det mest er tomme, kjappe ord og stilig datadilling, dukkar det opp eit par fakta her og der som er fint å ha med seg. Greia er likevel at alt dette og mykje meir kunne ein ha fått i eit dokumentarprogram.

Det største problemet, og det filmen vinn på, er at den er så gjennomsnittleg, den er laga med ei stødig hand, men er uoriginal, effektane er gode, men blir misbrukt.

5/10
Publisert 13. januar 2010 kl. 19:00 i Action, Alle, Drama, Thriller merka som , .

Skriv ein kommentar