Eit offer for å ha fått ein misvisande filmtrailer, ein trailer som fokuserar utelukkande på spenning og slossing. Tingen er at dette og er ein stor del drama, som er den sentrale delen av filmen. Valden var kraftige saker. Eg lo godt i dei scenene det var slossing, og når eg ler er det enten fordi det er morosamt eller grusamt valdeleg.
Reint teknisk og visuelt er filmen gjennomført. Lysbruken er ikkje mogleg å ikkje legge merke til, eg håpar for all del det var meint å vere overdrevent brukt her. Og det med halskjede var ein ting eg ikkje heilt forstod, skulle det åleine vere med på å halde følelsane til Danny i sjakk?
Einaste grunnen til å sjå denne filmen er for dei slossescenene som er her, og det veg opp for tidsbrukten og den eventuelle pengebruken filmen krev. Ein solid miks av idear frå andre filmar er gøymt i manuset, Luc Besson.
