Ein gong for lenge, lenge sidan, var Nicolas Cage ung. Året var 1983, då han debuterte i ei hovudrolle som Randy i ungdomskomedien Valley Girl. I 1982 hadde han fått skjermtid i Fast Times at Ridgemont High, og året før der igjen var han såvidt innom TV i Best of Times. Men med Valley Girl var han på plakaten for fullt.
Filmen omhandlar ein romanse mellom ei valley girl (Foreman) og ein fyr frå byen (Cage). Omgrepet valley girl oppstod kring ein stereotype middelklassejenter frå San Fernando Valley i California, og er ei type jente som mellom anna er oppteken av det materielle og er sjølvsentrert. Omgrepet har spreidd seg, men filmen tek plass i San Fernando Valley, dit Cage kjem i møte med Foreman på ein fest han og kameraten krasjar.
Romansen i vekst er den mellom to motsetnader, og i mellom dei står det meste av venner, uheldig trøbbel og eks-kjærastar. Det er altså duka for nok av intrigar, men dei to hovudrollane er diverre ikkje spennande nok personar til å gjere dette gripande. Til ei viss grad er stereotypane som Cage og Foreman portretterer ein artig observasjon i seg sjølv, men der filmen skal fange er det ei rift i garnet, og det blir like uinteressant som metaforane mine.
