«Van Wilder 2» har to gode sider, og dessverre litt for mange dårlege. Kal Penn er morosam, spesielt når ein kan knyte han opp mot opptreden i House og Harold and Kumar. Og filmen unngår å dra episodar for langt ut, noko som ein burde forvente av all film, men som likevel skil seg ut som ei lys side i denne. Elles er det altfor tydeleg at både Ryan Reynolds og det særeigne ved personen Van Wilder er borte, og berre den lunka historia som er resten av strukturen i desse komediane er igjen. Filmen blir under middels, men uthaldeleg.
