Veronica Mars sesong 1

22 episodar.

VMses1«Veronica Mars» blir beskrive som ein dose Buffy og Bogart med eit hint av Nancy Drew, ingen dum måte å sei det på, om kanskje litt for forankrande. Rob Thomas har laga ein serie som rett nok har ei sterk kvinneleg hovudrolle, i stor grad er inspirert av film-noir og handlar om detektivar framandgjort av samfunnet rundt seg, men han har gjort så mykje meir.

Kristen Bell var på veg opp og fram i filmverda då ho i 2004 hanka inn hovudrolla i serien som jenta med same namn, respektive Veronica Mars, og passar perfekt inn då ho enkelt glir rett inn blant enten den rike og overfladiske ungdommen som representerar høgklassen i Neptune, eller snur på mynten og bli tøff som pokker og sylskarpt sarkastisk. Ho ser ved første augekast søt og uskuldig ut, bak fasaden finst det derimot ei smart jente du neppe vil gjere sur, men la oss ikkje stoppe der, Veronica Mars er ingen bøllete person soleis, bak den tøffe sida igjen er det mykje ei vanleg jente som skjuler seg.

VM1Ingen god dramaserie kan overleve pÃ¥ ein karakter Ã¥leine, Veronica Mars har ein far som er detektiv og mange tidlegare venner frÃ¥ den rike delen av Neptune, som av zipkoden 090909 gÃ¥r under «the 09ers». Tidlegare venner er ungar av folk som har utstøytt faren hennar enn han trakka skeivt som sheriff i eit mordmysterie Ã¥ret før serien utspring. Mordet blei aldri løyst, iallfall har Veronica og delvis faren sterke tvil til utfallet og pÃ¥gripelsen som blei gjort, men trÃ¥dane er mange og lause. Veronica meinar offeret, som var hennar beste venninne, fortenar sanninga.

VM2Mordmysterie gÃ¥r som ein raud trÃ¥d gjennom heile første sesong, der enkeltepisodar varierar mellom mindre saker og «den store etterforskinga». Serien har ogsÃ¥ eit anna hovudmysterie, samt fleire mindre saker som gÃ¥r over fleire episodar. FramgangsmÃ¥ten er optimal for formatet, den gode balansen mellom nye ansikt med problem og hovudmysteria gjer at spora ikkje blir trakka opp igjen eller «den store etterforskinga» ikkje blir langdryg. Eg reknar med at fleire av enkeltsakene Veronica tek pÃ¥ seg har likskapstrekk nÃ¥r ein studerar det nærmare, men mÃ¥ten etterforskingane her gÃ¥r fram; finne spor, bygge saker og sidan avsløre, er stadig full av uventa twistar kontra sjølvsagte aha-moment — ein aldri veit kva som ligg pÃ¥ lur!

VM3Eg har sett den komplette «Veronica Mars» serien før, tre sesongar lang, difor har eg hatt god tid til Ã¥ la enkelte inntrykk synke før eg starta pÃ¥ igjen. Største overraskinga ligg i kor mykje eg hugsar, tross dei tre Ã¥ra som har gÃ¥tt sidan eg sist sÃ¥g desse episodane. «Veronica Mars» var ein av dei stabile seriane, som veke etter veke holdt godt nivÃ¥, beholdt spenninga og gav meirsmak. Slik var det Ã¥ sjÃ¥ igjen første sesong — som ein serie med god fordeling av hard kriminalitet og highschool over heile linja, og som berre blir betre utover andre og tredje sesong.

Om eg skal konkludere med noko er det at «Veronica Mars» er verdt å sjå og/eller verdt å sjå igjen. Anbefalt!

Publisert 19. desember 2007 kl. 11:07 i TV Ferdig merka som , , .

2 kommentarar til Veronica Mars sesong 1

  1. XmasB

    Veronica Mars er en av de seriene som jeg ikke følger med pÃ¥, men som oftest lar kanalen stÃ¥ pÃ¥ om jeg snubler over det pÃ¥ tv’en. Ingen tvil om at serien er sterk, først og fremst takket være skuespillet til Kristen Bell.

    Jeg har lest flere steder sammenligningen med Buffy, men klarer ikke helt forstå denne sammenligningen. Buffy er da alt annet enn bra?

  2. Asbjørn Ness

    Om Buffy er bra er vel ei smakssak, eg synst dei to første sesongane var kurante.

    Trur likheitene ligg i å ha ei lita, tøff, blond jente i hovudrolla med stadige utfordringar. Buffy får alt rett i fanget, svært episoderetta. Veronica tek på seg saker og hanskar opp med større problem på sesongbasis (fram til 3. ses).

    Samanlikninga ligg nok i å selge serien, Rob Thomas og Joss Whedon ser dessutan ut til å dele mange idear om korleis ein serie skal balansere mellom humor og alvor, der utfallet igjen blir ei smakssak.

    Men dette er berre privat tankespinn, kan hende andre legg heilt andre tankar til grunne for samanlikninga..

Skriv ein kommentar