Videodrome (1983)

IMDb: 7.1/10 (7,924 votes)

VideodromeMitt første fysiske møte med regissøren David Cronenberg. «Videodrome» er eit konsept som vil revolusjonere TV-verden. Der vanleg TV berre kan forandre deg psykisk, vil «Videodrome» kunne forandre deg fysisk.

For fysisk forandring er tingen med Cronenberg etter det eg har forstått, bortsett frå den siste filmen hans, «A History of Violence», som skil seg litt ut. I «Videodrome» har me Max (James Woods), ein TV-produsent på jakt etter noko nytt og dristig som kan trekke sjåarar til Kanal 83. I denne forbindelsen kjem han over eit nytt program som trekk han inn ein spesiell situasjon som omfattar kroppsleg forandring og hallusiasjonar.

«Videodrome» er ein film utanom det vanlege, både på ein fasinerande og forstyrrande måte. Likevel om den nok var meir aktuell i diskusjonen omkring vald og sex i videokassettens ungdom, så held den framleis stand, og gir både visuell og intelektuell foring. Eg merkar iallfall ei dragning mot meir fysiske forstyrrelsar og Cronenberg.

8/10
Publisert 22. desember 2006 kl. 00:16 i Alle, Fantasy, Horror, Mystery, Sci-Fi, Thriller merka som , , .

Skriv ein kommentar