War of the Worlds (2005)

IMDb: 6.7/10 (70,089 votes)

War of the WorldsForkjølelse, antydning til hovudverk, og «War of the Worlds» minus 15 minutt. I HD. Min første HD-opplevelse på tv faktisk. Utan at eg eigentleg var klar over det før langt ut i filmen.

Det var mest tilfeldig at eg enda opp med å sjå denne i kveld, når eg på besøk hamna midt i oppstarten under forbi-zapping via Canal+ (i HD). Det var altså dei første minuttane eg gjekk glipp av, så lite viktig at eg kryssar av i skjeftet for å ha fullført filmen.

Tom Cruise hamnar midt i suppa når romvesen angrip. Visstnok angrip dei over heile verda, så alle er jo midt i suppa. Ved si side har to barn, Dakota Fanning som skrik seg gjennom filmen, og ein irriterande Cruise-lookalike som går under rollenamnet Robbie. Ingen, verken unge eller eldre bemerkar seg i prestasjonane.

Filmen består stort sett mest av venting, venting og øydelegging. Øydelegginga er CGI i bøtter og spann, og ikkje av spesiell interesse for meg. Utruleg flott laga er det nok, alle effektane osar av gryn til utvikling, og i HD legg ein ekstra merke til dette. Og sveitteporane til Tom Cruise.

Filmen er ikkje dÃ¥rleg sÃ¥nn eigentleg, den har det tekniske pÃ¥ si side, og litt anna. Av litt anna kan eg trekke fram rollefiguren Cruise spelar, som tek avstand frÃ¥ dei mest forventa klisjeane i mange nok situasjonar til at eg legg merke til det. Robbie derimot, har fÃ¥tt for seg at han kan redde verden ved Ã¥ joine militære — mot viljen til farsan. SÃ¥ opplagt dust at det aldri blir betre enn eit irritasjonsmoment pÃ¥ film!

Så «War of the Worlds» funka greitt. Ein del av æra må gå til filmkompanjongen som var med å gjere narr av ting undervegs. Eg trur filmen ville ha kjeda meg om eg skulle sett den åleine.

5/10
Publisert 6. april 2007 kl. 23:59 i Action, Adventure, Alle, Sci-Fi, Thriller merka som , , .

Ein kommentar til War of the Worlds (2005)

  1. Iversen

    Jeg stemmer for slengkommentaren.

Skriv ein kommentar