«We Are Marshall» er basert på ei sann historie, denne historia veit eg strengt tatt ikkje meir om enn det som måtte ha blitt brukt i filmen, for alt eg veit kan mykje av det eg trur var sant vere fiksjon. Men det er då likevel ei greie med at dette er basert på ei sann historie.
Historia som blir fortalt er om det amerikanske fotballaget til Marshall University, året er 1970 og på veg heim frå ein bortekamp (roadgame som det så fint heiter) styrtar flyet med både spelarar, trenarar, funksjonerar og så mange fleire. Måten dette krasjet blir skildra på ved å ikkje vise noko eksplisitt når det skjer, ved å spele på eit stille kaos og reaksjonane til folk rundt om i Marshall er både vakker og svært trist og satte meg i ein god stemning, tross tragedien, som holdt meg fast filmen ut.
Å danne eit nytt lag frå botn av er nær den ultimate utfordringa. Motgang gjer seg ofte bra på sportsfilm, så lenge det ikkje er gitt frå første minutt at det ventar ein gullmedalje eller meisterskaptittel i andre enden, det kan drepe. I «We Are Marshall» ligg det i korta at tittelen ikkje er oppnåeleg, det gir ein litt større opning for korleis punktumet vil bli satt. Akkurat som i «Rudy» der du skjønnar at den vesle spelaren aldri har det som skal til for å gå pro.
Bak roret står McG, produsent på mang ein sak eg ikkje nødvendigvis hoppar i taket over, men som har det med å vere passe gjennomført. Her er han altså regissør. Framfor kamera har me bl.a. Matthew McConaughey og Matthew Fox. Førstnemnte er ein fyr eg aldri har tålt trynet på, det vil sei fram til eg såg «We Are Marshall», her er han om ikkje heilt fri for sitt sleske seg så iallfall mogleg å takle. Fox sin rolle føles veldig trygg, ingenting å trekke opp eller ned på der.
Heilheita er god, det er litt rust i enkelte kantar og ting som kunne ha vore løyst på ein betre måte, nokre scener som ikkje har større meining i lengden, men det er ein film der eg blir interessert i å følge med på kva som vil skje vidare, det er ein litt trist tone over det heile og samtidig ein varme.

oktober 29th, 2008 at 22:16
Så denne filmen i går jeg. Synes We Are Marshall er en fin film overall, men som kanskje mangler det lille ekstra for å gjøre den til noe spessielt.
Jeg liker denne type sportsfilmer veldig godt så jeg kan ikke gjøre noe annet enn å like denne filmen, men det som trekker ned er den overdrevne svulstigheten. Ingen tvil om at denne filmen er amerikansk, veldig amerikansk.
Alt i alt en fin film, 7/10.
Spiller du amerikansk fotball du også eller liker du bare filmer med amerikansk fotball som tema?
Enda en fin anmeldelse!
oktober 30th, 2008 at 00:32
Har aldri spelt am. fotball. Har sansen for det på film, men endå meir gjennom NFL.