17. mars 2007
Weeds sesong 2
IMDb: 7.8/10 from 31,292 users
Jointane rullar vidare og det blir meir grenseforskyvingar i banning, eksplisitte scener og drøye argument i den andre sesongen av Weeds, Showtime sin marihuanavariant av ein forstadskomedie.
Eg uttrykkte ikkje den største begeistringa for forrige sesong, mest på grunn av det låge tempoet serien holdt. Men med ny sesong kjem nye moglegheiter. Andre runde er eit eksempel på korleis betal-tv i USA kan nyte av å sjokkere og spe på med all den ordbruk som måtte passe. Eg mistenker serien for å legge litt for mykje vekt på nettopp å sjokkere til tider. Underholdningsverdien blir uansett så stor at eg ikkje kjem unna at dette no er utruleg festleg, når så mykje meir skjer over heile linja enn det gjorde i første sesong.
Enten det er mi glede for grov humor og å sjå vaksne folk oppføre seg som barn, eller at Showtime verkeleg har eit godt grunnlag her, sympatiseringa med ei mor som langar og dyrkar marihuana blir god tv. Noko fleire enn meg må synast, ettersom det er planar om ein tredje runde.
