Weeds sesong 3

written 22. november 2007 by Asbjørn Ness

Weeds sesong 3

Weeds er fin underholdning, ei blanding av god humor og provokasjonar. I tredje sesong er det kristenfundamentalistar med dobbeltmoral som får mest kritikk, men Weeds har meir på hjarte enn berre å kritisere denne gruppa, konstruktiv kritikk til pornobransjen blant anna.

Eg har aldri vore kjempestor fan av serien, men eg synst den likevel er god nok til å bruke tid på i blant, det er uansett ikkje snakk om mange eller lange episodar. Her betalte det seg med blant anna favorittkarakteren min, Doug, sine mange collegeaktige spøkar. Den frikast i minne er banjospeling til snakking tunger (dei kristne igjen!).

Rykta seier at Showtime vil fortsette å bestille inn Weeds, ein fjerde sesong vil/kan altså dukke opp. Eg seier ikkje nei takk til det når den tid kjem.

IMDb

7.8/10 from 31,292 users

Tag(s)

Category(ies)

TV

Copyright

Filmdagbok 2007