Werner Herzog og Klaus Kinski

I sommar kjøpte eg Anchor Bay sin Werner Herzog / Klaus Kinski DVD samleboks, ei samling av filmar som desse to fargerike personane, for Ã¥ sei det mildt, laga i lag. I tillegg til filmane, som strekker seg frÃ¥ «Aguirre, der Zorn Gottes» laga i 1972, via «Nosferatu: Phantom der Nacht», «Woyzeck» og «Fitzcarraldo» til «Cobra Verde» frÃ¥ 1987, fulgte den nyare dokumentaren «Mein liebster Feind — Klaus Kinski» frÃ¥ 1999 med, som tek for seg det veldig anstrengte, men pÃ¥ film vellykka samarbeidet mellom filmskaparen og skodespelaren.

Herzog og Kinski

BÃ¥de Herzog og Kinski hadde sterke syn pÃ¥ filmane dei jobba med/i, noko som førte til ei mengde alvorlege konfrontasjonar, lite hjulpe av at Herzog gjerne valte avsides innspelingsomrÃ¥de, som regnskogen i Peru under «Aguirre», Peru igjen for «Fitzcarraldo» og ein kombinasjon av Brasil, Colombia og Ghana for «Cobra Verde». Den kjente konflikta nÃ¥dde toppen under innspelinga av «Cobra Verde», som uavhengig av Klaus Kinski sin død fire Ã¥r seinare, nok ville ha vorte det siste samarbeidet mellom desse. NÃ¥r historia skal ha det til at Herzog trua med Ã¥ skyte Kinski allereie under innspelinga av «Aguirre», 15 Ã¥r tidlegare, pÃ¥ grunn av ulike synspunkt (og dÃ¥rlege arbeidsforhold i følge Kinski), mÃ¥ jo filminnspelingane ha vore uuthaldelege prosessar. Meir om «vennskapet» og resultata (fleire av filmane er unekteleg interessante), stort sett frÃ¥ Herzog’ synspunkt, blir teke for seg i Herzog sin eigne «Mein liebster Feind». Som mest av alt er Herzog sitt syn pÃ¥ Kinski som person, men eit forstÃ¥elsesfullt og dimensjonert eit.

SamleboksAt det har teke meg så lang tid å fullføre samleboksen er grunna den varierande kvaliteten på innhaldet. Teknisk sett er det heilt kurant, litt dårleg engelsk teksting her, svak dubbing der, og varierande bilde. Men eg tenkte først og fremst på filmane. Den første eg såg var «Nosferatu» frå 1979, kanskje den beste filmen med Dracula eg har sett hittil («Nosferatu» frå 1922 er usett). God musikk og ei grøssande stemning som får det til å gå kaldt nedover ryggen på ein. Klaus Kinski gjer som i alle dei andre filmane, ei god rolle, her som grev Dracula, iført sminke/maske til det ugjenkjennelege. Bysekvensen med rotter i hundre eller tusental var kanskje det verste.

Etter «Nosferatu» såg eg «Woyzeck», som bortsett frå prestasjonen til Klaus Kinski var så kjedeleg at eg satt med tvil framfor kvar einaste av dei neste filmane. Sjølv om «Aguirre», neste på lista, imponerte stort på miljø, historieutvikling og spenning, satt til eit dramatisk elveløp i tjukkaste regnskogen av Peru fekk situasjonen eit tydeleg preg av håplausheit som passa historia. Deretter kom «Fitzcarraldo», som blir rekna blant ei av dei mest krevande filminnspelingane nokon gong, og involverte flyttinga av eit dampskip over ein ås utan bruk av spesialeffektar. Med ein gal mann portrettert av ein gal skodespelar, i regi av ein gal filmskapar, blir «Fitzcarraldo» levande 160 minuttar og ein fantastisk god film. Nok ein gong er miljøet med som ein av dei viktigaste rollane. Nok ein gong blir presset på ein sentral hovudperson godt synleg på skjermen.

Kinski paa film

Siste av dei fem filmane ut blei «Cobra Verde», no nyleg. Kanskje den eg var mest skeptisk til på forhånd, etter å ha lese mellomgode omtalar. Utan spesiell grunn synst eg, trass i at den er ørlite for lang er «Cobra Verde» ein god film. Banditten Cobra Verde, spela av Klaus Kinski (sjølvsagt!) er like vanskeleg å få tak på som eg reknar med skodespelaren var. Mesteparten av handlinga er satt til eit nedslitt fort i Ghana, der Cobra Verde opplever å bli behandla av dei innfødte på ein måte som ikkje kan forståast av kulturelt utanforståande (dvs. alle publikum), noko som førte til at eg aktivt stilte meg sjølv veldig mange spørsmål under sjåinga, men likevel fatta historia til Verde.

Samleboksen, som kosta 14 britiske pund, var nok verdt pengane, sjølv om det tekniske ikkje var overlegent. At eg ikkje likte alle filmane like godt betyr ikkje at eg ser på dei som lite berikande. For meg var dei viktige filmhistoriske små reiser utanfor USA. Forskjellig i frå så mykje anna film eg ser, både på godt og vondt.

Publisert 17. oktober 2007 kl. 14:18 i Samlepostar merka som .

2 kommentarar til Werner Herzog og Klaus Kinski

  1. TMwtP

    Jeg opplevde at de må ha tekstet omtrent annenhver linje til engelsk. Det var stundom litt latterlig, når man faktisk forstår såpass tysk at man hører de legger ut om det ene og det andre. Men bare det ene blir oversatt. Eller det andre.
    Pussig at ikke flere av disse filmene har fått en bedre behandling av et eller annet produksjonsselskap som Criterion eller MoC.

  2. Asbjørn Ness

    Det du nemner, samt heilt simple skrivefeil som kunne vore unngått om ein med engelskkunnskap hadde sett over etterpå. Og at teksten i blant kom litt seint.

    På Cobra Verde og My Best Fiend opplevde eg nokon forstyrrande blå, blinkane strekar til venstre for bilde. Noko som folk med tvar som kuttar litt rundt bilde nok unngår.

Skriv ein kommentar