What’s Up, Tiger Lily? (1966)

IMDb: 6.2/10 (2,651 votes)

Whats Up Tiger Lily«What’s Up, Tiger Lily?» er ganske forskjellig frå alt anna eg har sett av Woody Allen. Dette er nemleg ein omklyppa og dubba versjon av den japanske spionfilmen «International Secret Police: Key of Keys». Den nye dialogen på engelsk gir historia ny meining, då alle partane her er på jakt etter ei viktig eggesalatoppskrift. Det einaste Allen har filma sjølv er introduksjonen som forklarar meininga bak filmen. Som alt anna her er dette vrøvl.

Blant mange spionfilmar som kom etter James Bond, kryr det her og av lettkledde damer, og Allen har nok storkosa seg ved å pepre dialogen full av direkte seksuelle hentydningar, på eit vis som minnar om Harald Eia. Personleg synst eg dette var utruleg festleg på ein dum og absurd måte. Jakta på eggesalatoppskrifta er dessutan eit av dei beste eksempla på ein «McGuffin» eg har sett.

Det er ikkje så mykje å sei på denne filmen sett i ein Woody Allensk samanheng. Mannen gir mykje av seg sjølv gjennom den nye dialogen, som på enkelt vis speglar interessa hans for det filmtekniske og filmatiske bergrep. Tett fulgt at usamanhengande svar. Eit eksempel er når spionen og damespionen er undercover som ektepar og eit anna kryssar skjermen:

Spionen: «Look now, honey. This is the obligatory scene. The director always has to walk through with his wife. Ego maniac!»
Spiondama: «- You’re kinda cute. You’ve got a great body. I could tear your clothes of and make love to you right here and now.»

Det beste ved filmen kjem i form av slike små gullkorn, sjølve handlinga er ikkje anna enn ei godt under middels James Bond etterlikning. Med desse to sidene mot kvarandre er det ikkje lett å gjere seg opp ei meining. Enten er det ein genistrek eller så er det usakeleg, men hysterisk møl. Underholdningsverdien er iallfall høg.

6/10

Leave a Reply