Winter of Frozen Dreams (2009)
Thora Birch var stor i «Ghost World», men gjer ei like kjedeleg rolle i «Winter of Frozen Dreams» som filmen er kjedeleg. Den støttar meg opp på påstanden min om at “basert på ei sann historie” betyr lite eller ingenting. «Winter of Frozen Dreams» er dårleg strukturert, ein rotete film som ikkje klarar å bygge seg opp til slutten som filmen blir introdusert med. Det er umotiverande å sjå ein film der den kriminelle handlinga er uinterssant, ufullstendig framstilt, langt i frå mystisk og aldri skikkeleg løyst. Eg hugsar ikkje kvifor eg skulle sjå filmen, men gløymer den forhåpentlegvis snart.
