Ye yan (2006)

IMDb: 6.6/10 (2,875 votes)

The Banquet«The Banquet» er ein kinesisk adapsjon av Shakespeare sin Hamlet. Det er eit kaldt og kjenslelaust drama med mektig musikk og nydelege bilder. Gjennomført med sikkert ynde er det flyten i rørslene som imponerar mest her, for når det kjem til dramaet blir det heile så stilistisk kaldt og perfekt at eg ikkje finn nokon å vise medkjensle for. Eg kan skjønne om nokon vil gi meg juling når eg seier at dette blir for mykje av det gode, men regissør Feng Xiaogang køyrer på med for mykje sakte kino og meiningslause bilder. No skal eg ikkje nekte for at filmen inneheld nokre utrulege kampscener heller, og får fram kor viktig ære er for keisarskapet og adelen. Eg kunne derimot fint klart meg med halve filmen.

6/10
Publisert 15. mars 2007 kl. 11:57 i Action, Alle, Drama, Fantasy, History, War merka som , .

Skriv ein kommentar