Eg såg aldri «Jumanji», men har lese at det er ein pissfilm. «Zathura» har eg derimot sett, og eg tykkjer at det er eit av dei betre eventyrfilmane for heile familien eg har sett på lenge. «E.T.» kan bit i mi blanke metallrompe! «Zathura» bør bli sett, og må vere ein superb film for barn!
Det er spennande scener som fengslar merksemda di til det ytterste, og trass at filmen føler kjente fotspor, så har ein lyst til å sjå variasjonane av terrenget undervegs. Musikken er ganske så typisk for sjangeren, og eg kan nesten vedde på at eg har høyrt temasongen før, så typisk er den. Men den fungerar, den og.
NÃ¥r det kjem til fysiske lover, mÃ¥ du vere innstilt pÃ¥ Ã¥ oversjÃ¥ dei her. Og har eigentleg barn sÃ¥ mykje peiling pÃ¥ slikt? Du har ein brennande sofa i verdsrommet, og eit hus utan oppvarming — ogsÃ¥ i verdsrommet — som folk held seg inni utan Ã¥ fryse i hel. Det er ingen luft i verdsrommet, og heller ingen varme. Men eg vil ikkje ta vekk noko av skrytet eg har gitt filmen pÃ¥ grunn av dette, eg vil heller anbefale den.
