Zodiac (2007)

IMDb: 8.0/10 (26,723 votes)

ZodiacSøndag kveld var det David Fincher som stod for underhaldninga i heimen. Regissøren bak «Se7en» og «Fight Club» har eit rykte å leve opp til, og når «Zodiac» attpåtil skulle vere 158 minuttar lang.

I løpet av den første delen av filmen blir det servert veldig mykje fakta, det skjer stadig tidshopp og eg har problem med å få med meg alt. Det er ikkje før historia dreiar inn på Jake Gyllenhaal si journalistrolle at «Zodiac» samlar seg nok til å bli skikkeleg spennande og interessant. Definitivt ei betre løysing enn å gjere andre del til den rotete og tynne delen, men eg sit med inntrykk av at innleiinga kunne ha vore gjort betre.

«Zodiac» er basert på ei sann historie, og prøver så godt det går an i ein spelefilm å vere tru mot grunnlaget. Det startar med eit angrep / mord på eit kjærastepar i 1969. Ein pr-kåt seriemordar følger opp med fleire og sender til stadigheit krav og kodar til media og politiet. Etterforsking føregår på høgt gir, men det lykkast ikkje i å ta mordaren. Filmen hoppar i blant nokre veker, månader eller år til dei stadene i saka med større utvikling, slik bevegar me oss fort inn på 1970-talet.

Downey & Gyllenhaal

Politietteforskar Mark Ruffalo, journalist Robert Downey Jr. og illustrator / journalistspire Jake Gyllenhaal blir alle oppslukt i Zodiac-saka og angrip dei kalda fakte frå ulike sider. Ingen av dei imponerar før Jake Gyllenhaal åleine nærast tek over filmen. Det vil ikkje sei at dei var dårlege, men glei glatt inn i miljøet utan verken mas eller moro.

«Zodiac» kom godt ut av det heile til slutt. Den føles ikkje direkte lang med sine 2.5 timar, sjølv om første timen forvirra ein del var det alltid nok å sette tennene i, så nokon slapp film blei det aldri. Den krev nok at publikum held tunga rett i munnen, så for min del hadde det nok lønna seg å sett den ein gong til. Litt delte kjensler omkring filmen, men eg legg skulda på meg sjølv denne gongen.

7/10
Publisert 29. juli 2007 kl. 23:59 i Alle, Crime, Drama, Thriller merka som , .

Skriv ein kommentar