Zombieland (2009)

IMDb: 8.2/10 (22,419 votes)

zombieland_ver2Jesse Eisenberg går frå «Adventureland» til «Zombieland», men forblir den patetiske hovudrolla som har hamna i ein ufrivillig og kjedeleg situasjon. «Zombieland» er ei blanding mellom road trip og splatter. Trass i tittelen er det lite fokus på levande døde som anna eit farleg irritasjonsmoment som står i vegen under road tripen. Sjølv om irritasjonsmoment blir litt feil, for nedslaktinga er blant det beste filmen byr på. Dette og andre visuelle godbitar gjer at tynne replikkar, deriblant mange rotne one liners, ikkje blir så brysame. «Zombieland» er levande hjernedød underhalding, men også for lineær og uskuldig, og mangel på djupn.

7/10
Publisert 27. oktober 2009 kl. 19:14 i Action, Adventure, Alle, Comedy, Horror merka som , .

Ein kommentar til Zombieland (2009)

  1. Iversen

    Djupn, schjupn – æ glær mæ!

Skriv ein kommentar